fredag 30. oktober 2015

Ca. 11 dager til termin, men det er andre ting som opptar meg i dag.

Dagens innlegg blir ikke bilder av mine katter eller andre koselige ting. Det har kommet frem at en oppdretter av sibirkatt fra Nesbyen svindler sibirkattkjøpere. En av årsakene til at jeg vet dette er en artikkel som står i Firda avis. Jeg velger å publisere artikkelen her på min side slik at vi kan prøve å få stoppet dette. Les og del informasjonen med andre. Kanskje kan vi sammen få slutt på dette:

Historien:
Bortkasta at min katt måtte døy.
Ho blei lurt av katteseljar. Mattilsynet kravde katten avliva. No ser Gro Hilde Bydal den same mannen halde fram med å selje kattar på nettet.
Seljaren leverte katten
I august kjøpte Bydal ein katt via Internett frå ein person i ein annan landsdel. Men det viste seg fort at ho var blitt lurt.
– Eg tenkte mest på at eg ikkje skulle betale på forskot, noko eg heller ikkje gjorde. Seljaren kom her og leverte han: Eg fekk katten, og han fekk pengane. Eg tenkte jo ikkje då at eg hadde fått ein katt som var smugla inn i landet.
Alt verka bra, sett bort frå at seljaren hadde gløymt å ta med kattens vaksinasjonskort, noko han lova å ettersende.
– Då vaksinasjonskortet kom etter to-tre veker, etter eg hadde masa nokre gongar på han, skjønte eg at eg hadde blitt lurt. Eg ringde dyrlegen fordi eg syntest det var merkeleg at kortet var på eit anna språk. Deretter kontakta dyrlegen Mattilsynet, fortel ho.
Vaksinasjonskortet er sentralt for å kunne seie om katten er vaksinert mot mellom anna rabiessmitte. Det var likevel meir enn det som mangla.
Katten var ikkje chippa, hadde ikkje EU-pass og skal ha blitt importert frå utlandet av ein som ikkje har lov til å importere kommersielt.
Bydal fekk snart vite at det gjekk mot avliving av den vesle sibirkatten Edvina. I september måtte ho seie farvel.'
Held fram med å selje
To månadar etter kjøpet har tilsynelatande lite skjedd. Mannen, som opplyser om både namn, telefonnummer og adresse, har fleire annonsar ute på Internett, alle med utropspris på fleire tusen kroner. Annonsane er skrivne på brukbar norsk og er relativt detaljerte i sine skildringar.
Bydal er skuffa over progresjonen i saka og hadde håpa at Mattilsynet og politiet hadde fått eit gjennombrot i saka.
– Det kjennest fullstendig bortkasta at min katt døydde når hundre andre kattar kan «sleppe unna».
– Mattilsynet skal ha vore i kontakt med seljaren før, men fordi dei ikkje kjende nokon kjøparar, så kom dei ikkje vidare. Eg fekk jo beskjed om at no skulle det vere problemfritt å få tatt han, for no hadde Mattilsynet meg som kjøpar og det var det dei hadde venta på. Og så skjer det ikkje noko likevel.
Ifølge Bydal er det vanleg å kjøpe dyr via nettet. Ho meiner det stort sett går greitt ettersom det finst mange seriøse oppdrettarar. I ettertid ser Bydal likevel at det er fleire ting ho kunna ha stussa på før ho kjøpte katten.
– Viss du ser det han skriv, så er det nøyaktig det same på alle annonsane. Det er ikkje nesten det same, det er kopi. Du sjekkar jo ikkje alt det før du kjøper, det ser du i ettertid når du startar å følge med, seier Bydal.
No har ho innsett at katten er borte og pengane tapt, og ber andre som vurderer å kjøpe kjæledyr, om å gjere skikkeleg førehandsarbeid.
– Du må sjekke alt hundre prosent.
Politiet er ikkje informert
– Vi er avhengige av å få inn politimeldingar eller tips, og så vidt eg veit, kjenner vi ikkje til denne saka, fortel lensmannen ved det aktuelle politikontoret.
– Burde ikkje du som lensmann kjenne til saka når Mattilsynet veit om den?
Jo, men vi er avhengige av å få inn meldingar, og dette verkar interessant for oss å vite.
Mattilsynet stadfestar at det førebels ikkje er ei politisak. Dei vil ikkje kommentere enkeltsaker.
– Vi tar saker om ulovleg import av levande dyr på alvor, for dei utgjer ein stor smitterisiko for den generelle dyrehelsa i Norge. Slike saker er ressurskrevande og tar difor tid, seier avdelingssjefen hos det aktuelle distriktet i Mattilsynet.
Dette er heilt nye opplysningar for Gro Hilde Bydal.
– Hæ? Er det sant? Eg fekk beskjed av nokon i Mattilsynet om å vente med å melde saka, til politiet sjølv hadde oppretta sak. Så dette er nytt for meg.


torsdag 22. oktober 2015

Det er liv i magen

Det finnes lite som kan måle seg med opplevelsen over å kjenne liv i en katts mage. Det kjente jeg i dag. Det er fortsatt ca. 2,5 uke igjen til Mys fødsel, men det blir liksom litt mer virkelig når jeg kjenner liv i magen. 

Jeg er fortsatt usikker på om hennes datter Tula er drektig. Jeg må nok smøre meg med litt tålmodighet noen dager til for å se om det er noen tydelige tegn. 

Disse små nurkene var My`s forrige kull. En av dem er Tula. Disse er snart 2 år gamle, bilde er tatt da de var 7 uker. 

Interesserte kjøpere må gjerne sende meg en mail når de ser at kattungene til My er født. Forventet termin er ca. 9. november-15. Jeg opererer ikke med venteliste. 


mandag 12. oktober 2015

Dag 37, termin 10. november

My sin mage vokser og det er ikke lenger tvil om at det er kattunger på vei. Jeg håper at svangerskapet og fødsel skal gå like fint som sist gang. Hun bruker store deler av tiden til å kose med oss og spise. 




I helgen har jeg vært i Rakkestadhallen på Østfoldkattens utstilling. Der hadde jeg med meg Gusar (som er far til kullet som er på vei). Han ble Internasjonal Champion på søndag og tok Best i variant på lørdag. 
Jeg hadde også med med Solsnute som bor hos fòrvert i Oslo. Hun ble Ex 2 på lørdag. 
Her er noen bilder fra helgen.


Solsnute

Solsnute og Hanne

Gusar ble utnevnt til dommerens hjertekatt